Hopp til innhold

Retten godtok sikring av verdiar etter forureining

Frostating lagmannsrett har godkjent at Staten tek heftelsar i formua som tilhøyrer Miljøservice Eide AS og den tidlegare daglege leiaren for over 11 millionar kroner.

I 2021 blei bedrifta og dagleg leiar sikta for forureiningslovbrot, både etter straffelova og forureiningslova. Dei blei då skulda for ulovleg å ha lagra avfall i strid med løyve frå Statsforvaltaren.

Under retssaka vedgjekk dagleg leiar at det hadde vore vanskeleg å rydde anlegget. Han meinte også at politiet sitt beslag av verdiar gjorde arbeidet vanskelegare.

Lagmannsretten viste til at Statsforvaltaren har brukt store summar i oppryddingsarbeid og kom til at beslaget av verdiar ikkje er noko uforholdsmessig inngrep. Retten avviste dermed anken.

Miljøservice Eide blei slått konkurs i november 2020 og sletta frå Einingsregisteret i 2021. Arbeidet med opprydding har vore kostnadsrekna til 20 millionar kroner.

Miljøservice Eide AS
Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL