Hopp til innhold

Meiner at Aure kan bli sjølvforsynt med elektrisitet

Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at Aure kommune kan dekke heile det elektriske forbruket i kommunen ved å etablere fornybare kraftprosjekt.

– Prognosane viser at vi om få år har ein eigenproduksjon i fylket på berre 50 prosent av forbruket av elektrisitet, seier Bengt Endreseth, leiar for energi og grøn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Aure kommune er pilot for Kystkraft, som er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, Aure kommune, Tjeldbergodden Utvikling og Equinor.