Hopp til innhold

Har sikra seg mot nye uhell

Før helga datt ein del frå ein ventil ned frå taket i Kolvikbakken idrettshall i Ålesund. No melder kommunen at dei har gjort tiltak for å sikre at det ikkje skal skje igjen.

Ingen vart skadd i hendinga, sjølv om der var folk til stades i bygget.

– Alle ventilane er no sikra med gitter, slik at ventildelane ikkje skal verte treft, eller kunne ramle i bakken. Når det gjeld Emblem skole, så vart det montert gitter allereie i byggeperioden. Det betyr at denne hallen også kan brukast vidare, skriv kommunen i ei pressemelding.

Dei opplyser vidare at Ålesund Kommunale eiendom (ÅKE) straks skal følge opp at det blir gjort tilsvarande utbetringar i hallen på Ellingsøy, som har dei same ventilane.

– Det er også gjort tiltak for å unngå systemfeil på seinare installasjonar i idrettshallane, der leverandøren gjer gitter til standard for ventilane i slike type bygg, skriv kommunen.