Hopp til innhold

– Hadde ingen relasjon

Politiet jobbar vidare med å etterforske knivstikkinga i Kristiansund førre veke. Ein mann i 20-åra er sikta for å ha stokke ein mann i 50-åra med kniv. Det skal ikkje ha vore ein relasjon mellom dei to mennene og det ser ut som eit tilfeldig møte, seier politiinspektør Ove Brudevoll.

– Vi må etterforske nærare for å finne ut kva som har skjedd og kva som var motivet. Kva som utløyste situasjonen er framleis ukjent, seier Brudevoll.

Mannen i 20-åra blei fanga opp av overvakingskamera då han sprang frå staden, og blei seinare identifisert av den fornærma. Den sikta blei varetektsfengsla i fire veker. Politiet kjem truleg til å be om vidare varetektsfengsling for mannen.