Hopp til innhold

Vurderer varetekt

Politiet skal i løpet av dagen ta stilling til om dei skal be om varetektsfengsling for dei tre som er pågripen etter storaksjonen mot fiskerinæringa tysdag, det melder NTB.

– Vi har fått forklaring frå to av dei sikta. Den siste vart pågripen seint i går ettermiddag, og er ikkje avhøyrd, seier politiadvokat Ronny Jørgensen i Troms politidistrikt til Nordlys. To personar frå Troms og ein frå Møre og Romsdal vart tatt av politiet i den omfattande aksjonen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL