Hopp til innhold

Planar om hydrogenfabrikk

Viss alt går etter planen startar Aker Horizons bygginga av ein hydrogenfabrikk på Aukra om fire år. Vilkåret er at Gassco bygger ei undersjøisk røyrleidning som kan frakte hydrogen til marknaden i Tyskland. Strategisk rådgivar Trude Sundset seier det for Aker Horizons er viktig å vise at dei har eit godt prosjekt slik at leidningen ikkje stoppar ved Kårstø i Rogaland, men går heile vegen til Nyhamna.

Trude Sundset
Foto: Jon Hagen / NRK