Hopp til innhold

Krev stopp i Mork-nedlegging

Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre bed Helse Møre og Romsdal stoppe nedlegginga av Mork rehabiliteringssenter. Kommunane grunngjev dette med at Helse Møre og Romsdal har betre økonomi enn det som låg til grunn då nedleggingsvedtaket blei gjort.

I eit brev til helseføretaket skriv kommunane at Helse Møre og Romsdal gjekk med overskot i 2022, og at regjeringa er i ferd med å styrke økonomien i spesialisthelsetenesta.

Helse Møre og Romsdal har allereie fått auka inntektene med 125 millionar kroner og reknar med å gå med 70 millionar kroner i overskot i 2023.

Ifølgje brevet pågår det no samtalar om sluttpakkar og oppseiing for dei tilsette på Mork. Kommunane bed Helse Møre og Romsdal ta ein fot i bakken og i staden gå inn i eit samarbeid med kommunane om ein omstillingsprosess.

Mork Rehabsenter
Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL