Hopp til innhold

Bergljot Hjorthol er død

Den markante journalisten Bergljot Hjorthol er død. 75-åringen døydde brått og uventa, stadfestar familien. Hjorthol var ein kvinneleg pioner i NRK.

Etter 11 år i Bergens Tidende vart ho den første kvinnelege journalisten på distriktskontoret i Ålesund. Gjennom tiåra i NRK var ho oppteken av å gi ei røyst til dei svake i samfunnet og for det arbeidet fekk ho likestillingsprisen frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Ho fekk også språkpris frå Sunnmøre Mållag.

Bergljot Hjorthol
Foto: Remi Sagen / NRK