Hopp til innhold

Vil at kyrkja skal kunne spørje prestar

Møre bispedømme tilrår at Den norske kyrkja framleis skal kunne spørje prestar kven dei bur saman med. Det går fram av innstillinga frå administrasjonen som er sendt ut før bispedømmerådsmøtet førstkomande måndag.

Møre bispedømme gjekk sjølv nyleg bort frå den omstridde praksisen, og biskop Ingeborg Midttømme sa då at formuleringa har skapt uro og smerte for andre menneske, og at ho ikkje lenger kan stå for det.

I innstillinga før møtet står det at å nekte alle kyrkjelydar å spørje om samlivsform vil kunne føre til djupare kløft mellom meiningsmotstandarar i kyrkja.

Kyrkjemøtet skal behandle saka seinare i år.