Hopp til innhold

Held framleis på med etterforsking

Politiet i Møre og Romsdal etterforskar framleis kva som skjedde før ein mann blei observert blodig gåande i vegbana i Ålesund laurdag 28. januar.

– Det betyr at vi samlar inn vitneavhøyr, går gjennom dei tekniske og taktiske undersøkingane og ser gjennom kameraovervakinga. Vi prøver å sette alle desse bitane saman til eit stort bilde av kva som skjedde, fortel Linn Erstad, seksjonsleiar for etterforsking i Møre og Romsdal politidistrikt.

Ho seier vidare at dei jobbar ut ifrå fleire hypotesar om kva som kan ha skjedd med mannen.

Politiet greip inn for å få kontroll på mannen, som dei meinte var til fare for seg sjølv og andre. Han blei lagt i bakken og seinare sendt til sjukehus. Same dag melde politiet at mannen var død. Spesialeininga for politisaker er i gang med å etterforske om det er ein samanheng mellom politiet sin framgangsmåte og dødsfallet. Dei blir etterforska for tenestefeil.