Hopp til innhold

Svært fullt ved sjukehusa

Denne vinteren har det vore svært høgt belegg ved fleire av sengepostane ved sjukehusa i Møre og Romsdal.

Luftvegsinfeksjonar har ført til at dei medisinske sengepostane har hatt belegg på opp mot 100 prosent. Særleg stort har belegget vore ved medisinsk sengepost i Kristiansund med eit belegg på over 100 prosent.

Når belegget er på over 100 prosent må pasientane i dei aller fleste tilfelle ha sengeplass i sjukehuskorridor.

Ved årsskiftet var det ein topp med i hovudsak vaksne som var sjuke. Ut over i januar er det svært mange barn blant dei sjuke, og barneavdelinga i Ålesund har gått over til gul beredskap.

Fagdirektør Erik Solligård trekte også fram akuttpsykiatrisk avdeling som har ein beleggsprosent på over 100.

– Dette er noko av det som uroar meg aller mest, sa Solligård.

Solligård la til at beleggsprosenten ved sengepostane ikkje bør overstige 85 prosent.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL