Hopp til innhold

Sa han hadde drepe broren

Ein mann i 30-åra busett på Sunnmøre er dømt til fengsel i 75 dagar etter at han blant anna laug til politiet om at han hadde drepe broren sin. Dette førte til at politiet væpna seg og rykte ut. Då dei kom fram viste det seg å ikkje stemme.

Seinare ringde han igjen til politiet og sa at bilen hans var stolen og hadde hamna i vatnet, og at han hadde vore i vatnet for å leite etter personar. Dette førte til at politi, brann- og dykkarbil og ambulanse rykte ut. Men det viste seg at det var mannen sjølv som hadde køyrd bilen i vatnet.

Mannen er også dømt for fyllekøyring, og for å ha køyrd med falskt førarkort. I tillegg til fengselsstraffa må han betale ei bot på 54.000 kroner. Han blir også fråteken retten til å ha førarkort i to år, og politiet tek beslag i eit luftgevær med kikkertsikte og stålkuler, samt det falske førarkortet.