Hopp til innhold

Spesialeininga vurderer dødsfall

Spesialeininga for politisaker startar etterforsking for å finne omstenda rundt eit dødsfall i Ålesund laurdag. Målet er å finne om det kan vere ein samanheng mellom politiet sin framgangsmåte og dødsfallet, skriv dei i ei pressemelding.

Mannen skal obduserast og Spesialeininga skriv at dei vil sikre moglege bevis så raskt som råd.

Politiet skriv i en epost til NRK at dei rykte ut i samband med at ein mann skal ha vore til fare for seg sjølv og andre. Mannen blei etter kort tid erklært død.