Hopp til innhold

Ber Spesialeininga vurdere saka

Politiet i Møre og Romsdal ber Spesialleininga for politisaker om å vurdere om politiet har gjort noko feil i samband med dødsfallet i Ålesund laurdag. Politiet skriv i en epost til NRK at dei rykte ut til sentrum i samband med at ein mann skal ha vore til fare for seg sjølv og andre. Mannen blei etter kort tid erklært død.

– Det er ingen mistanke om at politiet har brukt for mykje makt. Vi har gjort det vi kan for å få kontroll på vedkomande for å gje han nødvendig helsehjelp, seier politiinspektør Erik Steen Mikalsen.

Det sirkulerer fleire videoar av hendinga i sosiale medium. Politiet har tidlegare bedt om at desse ikkje blir spreidd, og vist til omsynet til avdøde.

Fungerende seksjonsleder ved ordensavdelinga i Sunnmøre politidistrikt, Erik Steen Mikalsen
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK