Hopp til innhold

Foreslår nei til bussløyve i Geiranger

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal finn ikkje at søknaden frå Strömma Norge AS om ruteløyve til å drive «hop on – hop off» sightseeing i Geiranger kan imøtekomast, melder fylkeskommunen. Både Stranda kommune og Geirangerfjorden Verdsarv er kritiske til ei tildeling og peiker på stor trafikk- og miljøbelastning i sine fråsegn, blant anna fordi det manglar trygge areal til busshaldeplassar og samanhengande gangvegnett. Dei meiner at bygda ikkje er skapt for store trafikkvolum, og at det å redusere belastninga bør være ei målsetting. Saka blir avgjort i samferdselsutvalet 1. februar.

Geiranger
Foto: Tore Ellingseter