Hopp til innhold

Granskar dødsfall

Helsetilsynet bed no statsforvaltaren i Møre og Romsdal om å granske ei sak der ein mann døde på sjukehus etter eit lårhalsbrot.

Mannen braut lårhalsen medan han var innlagt på sjukehus, og dødsårsaka skal ha vore lårhalsbrotet og påfølgjande lungebetennelse.

Dei pårørande er kritiske til behandlinga etter at faren braut lårhalsen medan han var innlagt på sjukehuset.

Dei har også klaga på dårleg kommunikasjon med dei tilsette på sjukehuset og meiner faren ikkje blei passa godt nok på.