Hopp til innhold

AaFK-spelar går til Hødd

Torbjørn Kallevåg går frå AaFK til Hødd kommande sesong, skriv Sunnmørsposten. Kallevåg, som spelte for Ulsteinviklaget mellom 2015 og 2017, skal no attende med ein avtale ut 2025.

Hødd har nyleg mista to spelarar til andre lag, sist tysdag, då det vart klart at Eirik Franke Saunes skal til Bryne FK.

Til avisa seier sportssjefen i Hødd, Jesper Törnqvist, at han håpar Kallevåg si signering kan hjelpe på å lokke andre til laget.

– At Torbjørn har trua på det og vil vere med, vil også ha betyding for andre vi skal signere framover. Vi syner at vi meiner alvor og at vi skal kjempe om ei god plassering, seier Törnqvist.

Torbjørn Kallevåg blir AaFK-spiller.
Foto: AaFK