Hopp til innhold

To til akuttmottak etter ulykke

Naudetatane er no framme på staden etter ei trafikkulykke like før Remmetunnelen i Haram. Totalt tre bilar med fire personar var involvert i ulykka. – To personar er sendt til akuttmottaket ved sjukehuset i Ålesund, seier Ragnvald Rasmussen, operasjonsleiar i politiet.

I tillegg har ein person blitt tatt med til lokal legevakt. Den fjerde personen skal vere uskadd, ifølge politiet. Alle dei involverte kom seg ut av bilane etter ulykka og skal ha vore bevisste.

Ein av bilane byrja å brenne etter ulykka, men brannen er no sløkt, melder politiet. Rasmussen i politiet seier at det er for tidleg å seie noko om kva som var årsaka til ulykka.

Vegen er framleis stengt, men politiet opplyser at dei jobbar for å få opna det eine feltet.

Ulykke ved Remmetunnelen i Haram
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK