Hopp til innhold

Derfor bør du skru av julelysa om natta

Mange har fått opp både adventsstakar og julestjerner, men desember er også blant månadane med flest husbrannar. Led er på langt nær like skummelt som ein litt eldre type lys med halogen eller glødepærer. Det store spørsmålet er likevel om lysa faktisk er heilt i orden eller ikkje – etter 11 månader i boden eller på loftet. Den sjansen bør du ikkje ta utan å sjekka ting grundig først. – Det kan bli slitasje, og då kan det bli dårleg kopling og forårsake brann, seier Kjetil Aspelund som jobbar i el-tilsynet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL