Hopp til innhold

Formannskapet i Ålesund seier nei til kommunedeling

Formannskapet i Ålesund seier nei til at folket på Ona og Sandøy skal få melde overgang frå Ålesund til Aukra. Det skriv Sunnmørsposten.

Etter at Haram fekk ja til å gå ut av Ålesund søkte også innbyggarane lengst nord om få forlate storkommunen, og gå inn i Aukra.

Statsforvaltaren har bedd om ein uttale både frå Aukra og Ålesund om saka. Formannskapet i Ålesund gav i dag si innstilling til kommunestyret i Ålesund. 1. desember skal dei behandle saka og vedta ein uttale.

Ona fyr
Foto: Roar Strøm / NRK