Hopp til innhold

Dømt for å ha dyrka cannabis

Tre menn i 30-åra er alle dømt til fengsel i eitt år og seks månader for grov narkotikakriminalitet eller for å ha medverka til dette. Lovbrotet blir sett på som grovt på grunn av mengda. Ingen av dei tre erkjente straffskuld då saka var oppe i Møre og Romsdal tingrett for to veker sidan.

I over eit år skal dei fire ha dyrka eller lagt til rette for produksjon av store mengder cannabis på ei adresse på Nordmøre. Dette skjedde saman med ein fjerde mann. Ifølge dommen blei det produsert minst 4,7 kilo røykbare toppskot med cannabis i bustaden som dei hadde leigd.

Dei tre blei også dømt for å ha tjuvkopla eitt straumanlegg slik at dei fekk straum utan å betale for det og for at huset har fått mugg- og råteskadar på grunn av cannabisplantasjen. Ein av mennene må også tole inndraging av over 44.000 kroner og ei mengd utstyr.