Hopp til innhold

Ber om vitne etter uhell i Tussentunnelen

Politiet ber om vitne som kan ha sett trafikkulykka i Tussentunnelen onsdag kveld.

Politiet skriv at det truleg er ein nyare Mercedes B-klasse som har vore involvert, men at dei ikkje utelukkar andre biltypar. Bilen politiet søker etter manglar venstre sidespegel.

Ein motorsyklist skal ha fått skade i ein arm i samband med ulykka.