Hopp til innhold

Sikta for nettkriminalitet

Ein mann i 40-åra frå Møre og Romsdal er sikta for datainnbrot og deling av bilete av privat karakter.

Han er no varetektsfengsla inntil anna blir bestemt. Dette er fordi retten meiner at bevismateriale kan forsvinne dersom sikta blir lauslaten.

I rettsavgjerda står det at den sikta har forklart at han over fleire år skal ha delt seksualiserte bilete utan samtykke frå den som er avbilda.

I den første versjonen av meldinga skreiv NRK først at det var snakk om ei sikting som gjaldt oppbevaring av overgrepsmateriale mot born. Dette viste seg å ikkje stemme, og vi har no retta det.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL