Hopp til innhold

Skulle ønske Tine hadde meir is i magen

Jenny Klinge (Sp) skulle ønske at Tine meieri hadde hatt meir is i magen før dei vedtok å legge ned tappinga av mjølk i Ålesund.

I går blei det kjent at 30 mister jobben i Ålesund og at deler av produksjonen blir flytta til Trondheim. I desember legg regjeringa legg fram ei evaluering av tilskota som konkurrentane Q-meieria, Synnøve Finden og Rørosmeieriet får. Det kan endre situasjonen til Tine, trur Klinge.

– Det vil vere frykteleg trist om Tine seier opp tilsette like før vi eventuelt vedtek politiske verkemiddel som kan vere til fordel for dei, seier Klinge.

Jenny Klinge, Senterpartiet.
Foto: Senterpartiet