Hopp til innhold

Ventar koronakompensasjon

– Det er avgjerande at kommunane får kompensert for kostnadene dei hadde under koronaen, seier kommunedirektør Rune Sjurgard i Volda. Det kom ikkje pengar i regjeringas forslag til statsbudsjett, men det er varsla at det kjem ein tilleggsproposisjon seinare i haust. Sjurgard seier det vil vere dramatisk dersom desse kostnadrne ikkje blir dekte. Totalt er det snakk om 8,8 milliardar kroner, for Volda 16-17 millionar kroner i ekstra lønskostnader, seier Sjurgard.