Hopp til innhold

Dømt for innbrot og vald

Ein mann i 20-åra frå Sunnmøre er dømt til fengsel i eitt år for ein rekke lovbrot.

I februar i år braut han seg inn i ein butikk i Ålesund og stal varer til ein verdi av i overkant 155.000 kroner. Mannen tok seg først inn i butikken ved å knuse glaset i inngangsdøra med eit kubein. Same ettermiddag kom han tilbake og tok seg inn gjennom den same opninga, som då hadde blitt tetta med emballasje. Medan han var i butikken kom eigaren til staden som prøvde å hindre at mannen stakk av med fleire varer. Den no dømde mannen enda då opp med å slå eigaren i ansiktet før han stakk frå staden. Han blei seinare arrestert av politiet.

I tillegg er mannen dømt for fleire tilfelle av vald. Fleire av dei blir i dommen beskrive som grov vald.

Mannen i 20-åra blei også dømt for andre mindre innbrot og tjuveri, truslar mot politiet og for fyllekøyring. I dommen går det fram at mannen har hatt eit rusproblem i mange år og at han tidlegare har vore dømt fleire gonger.

I tillegg til fengselsstraffa er mannen dømt til å betale over 180.000 kroner i erstatning til ulike personar og firma.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL