Hopp til innhold

Vil ha meir straum til Geiranger

Kommunane Stranda, Stryn og Skjåk skal møte den politiske leiinga i Olje- og energidepartementet i dag der dei vil kople behovet for meir straum til Geiranger til kravet om ny Strynefjellsveg med arm til Geiranger.

Løysinga er å leggje straumkablane gjennom tunnelen, men det føreset at det blir bygd ein ny Strynefjellsveg, seier Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad frå Senterpartiet.

Cruiseskip, Geirangerfjorden
Foto: Tore Ellingseter

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL