Hopp til innhold

– Vil gjere ein forskjell

16 år gamle Ole Theodor Knobelauch frå Harøy ungdomsskule heldt tale på vegner av ungdommen på Nordøyane. – Den vil gjere ein stor forskjell for alle her på øyene. Det gjer at ungdommane lettare kan møtast på fritida og andre sosiale samanhengar. Det blir lettare å reise rundt og finne på nye ting, utan å tenke på når siste ferja går. Det blir eit veldig positivt tilskot for alle her ute, sa Knobelauch.

Ole Theodor Knobellauch heldt tale ved opning av Nordøyvegen.
Foto: Tore Ellingseter