Hopp til innhold

Tale frå stortingspolitikarar

På Stortinget er det to representantar frå Nordøyvegen, dei heldt begge tale. Det er Birgit Oline Kjerstad (SV) og Åse Kristin Ask Bakke (Ap). – Eg vil gje ein stor takk til alle som har stått på i over ein mannalder for å få på plass Nordøyvegen, og aldri har gitt seg når det har butta imot. For i dag står vi her, og det er ein verkeleg gledens dag. For folket her ute og på resten av øyene betyr denne vegen utruleg mykje. For næringsliv, samfunn, folk og for framtida til å bu her ute, sa Ask Bakke.

Nordøyvegen
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL