Hopp til innhold

Mollestad til Moldejazz i 2023

Gitarist og komponist Hedvig Mollestad frå Ålesund blir «Artist in Residence» for neste års Moldejazz. Det opplyser festivalleiinga på ein pressekonferanse.

– Det er først og fremst ein massiv og inspirerande utfordring, i tillegg til ei enorm ære. Å få boltre seg i ei heil veke med gamle, nye, små og kjempestore prosjekt på ein så viktig og profesjonell arena er i sanning ein draum som blir verkeleg, seier Mollestad.

Den 63. utgåva av Moldejazz blir arrangert 17.–22. juli 2023.

Hedvig Mollestad vant Edvard-prisen i kategorien "Åpen klasse" for platen "Ekhidna".
Foto: Mari Aftret Mørtvedt / NRK