Hopp til innhold

Olympic kontraherer inntil fire havvindfartøy ved Ulstein Verft

Olympic kontraherer to konstruksjonsstøttefartøy til havvindindustrien for bygging ved Ulstein Verft. Det skriv Ulstein Group i ei pressemelding.

Fartøya har hybrid batteriframdrift og er førebudde for metanol som mogleggjer nullutslepp.

– Vi er svært glade for å jobbe med Olympic igjen, ein viktig og innovativ kunde vi har hatt eit svært godt samarbeid med gjennom mange år og gjennom mange komplekse og vellukka prosjekt tidlegare, seier konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein Group.

Kontraktane inkluderer vidare ein opsjon på to skip.

Foto frå kontraktsignering med representantar frå Olympic og Ulstein, framme: Stig Remøy (Olympic), Lars Lühr Olsen (Ulstein Verft). Bak frå venstre: Karl Eirik Frøysa Hansen (CFO Olympic), Glenn Erik Valø (CCO Olympic), Frode Andreassen (marknadsansvarleg fornybar Olympic), Marius Bergseth (COO Olympic), Ingvill Saunes (konsernadvokat Ulstein), Kolbjørn Moldskred (salssjef Ulstein Verft).
Foto: Ulstein