Hopp til innhold

Har tru på forsoning

Vebjørn Krogsæter (Sp) trur dei skal klare å leggje bak seg motsetningane frå skilsmissestriden mellom Haram og Ålesund.

I går starta arbeidet med å byggje nye Haram kommune. I kommuneutvalet har også dei som ville halde fram i Ålesund fått plass. På Facebook er det ikkje alle som har ønskt dei velkommen, men den tidlegare Haramordføraren har stor tru på forsoning.

– Vi har fått mange nye som har engasjert seg og eg håpar at alle dei nye som no har tatt standpunkt både for og i mot, blir med aktivt politisk, seier Krogsæter.

Cine Finstad Austnes (Frp) meiner det er viktig å sjå framover.

– No må vi leggje lokk på det som har vore og skape det vi har blitt pålagt å gjere, og det trur eg skal gå bra, seier ho.

Kommuneutvalget i Haram som skal arbeide frem Haram som egen kommune.
Foto: Trond Vestre / NRK