Hopp til innhold

Forlenger besøksforbod i Kristiansund

Besøksforbodet på ein medisinsk sengepost ved Kristiansund sjukehus, blir forlenga ut veka.

Sengeposten blei stengt førre veke på grunn av eit utbrot av covid-19. Ingen av dei smitta pasientane har alvorlege symptom, og pasientane det er snakk om er isolerte. Utbrotet har ikkje konsekvens for drifta ved sjukehuset.

Kristiansund sjukehus
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK