Hopp til innhold

Positive tal i 2021

Ulstein Group hadde i 2021 ei omsetning på 1,21 milliardar kroner og eit driftsresultat på 56,4 millionar kroner. Covid-19 har også i 2021 påverka både omsetninga og kostnadsnivået negativt, men selskapet har levert to nybyggingsprosjekt på tid og kan vise til eit positivt årsresultat, skriv dei i ei pressemelding.

– Covid-19-pandemien førte til lav ordreinngang og reduserte inntekter, noko som førte til ein betydeleg omstillingsprosess, seier konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti.

Konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti
Foto: Per Eide Studio / Per Eide Studio