Hopp til innhold

Tidlegare fylkeslege stiller spørsmål ved kompetanse

Tidlegare fylkeslege Cato Innerdal, stiller spørsmål ved om helsepersonell som har gjort feil får ei rettferdig behandling. I eit innlegg i Dagens Medisin stiller han spørsmål ved om dei som granskar feil i helsevesenet har nødvendig kompetanse, og om sakene blir likt vurdert. NRK omtalte nyleg overlegen Yngve Müller Seljeseth som meiner Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ikkje har nok kompetanse.
Innerdal er støttekollega i Legeforeininga og seier han stadig blir kontakta av legar som opplever tilsynssakene som ei straff.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL