Hopp til innhold

Krev erstatning

Bistandsadvokaten til familien som blei angripen la i retten ned krav om erstatningar som samla kjem opp i over ein million kroner. Største erstatningskravet er for den då 17 år gamle sonen som blei livstrugande skadd. Familiefaren, som åttaket truleg eigentleg var retta imot, har både fysiske og psykiske skadar, og står for det nest største erstatningskravet. Om retten deler oppfatninga om at sonen som medverka til å overmanne gjerningsmannen også blei utsett for drapsforsøk, vil ertatningskravet ligg om lag på same nivå som for familiefaren. Bistandsadvokaten la fram krav frå alle i familen som var til stades under valdshandlingane. I tillegg blir det kravd valdsoffererstatning til dei som fekk fysiske skadar.

.

Astrid Bolstad
Foto: Øyvind Sandnes / NRK