Hopp til innhold

Frifunne for valdtekt – må betale erstatning

Ein mann i 20-åra er i Møre og Romsdal tingrett frifunne i ei valdtektssak, men må betale 150 000 kroner i oppreisningserstatning.

Hendinga som har vore vurdert i retten skjedde på eit nachspiel i fjor sommar.

Retten finn det ikkje bevist utover ein kvar rimeleg tvil at mannen skaffa seg seksuell omgang ved bruk av vald. Men beviskrava for å måtte betale erstatning er ikkje like høge som i straffespørsmålet.