Hopp til innhold

Opprettar Museum Nordvest

Den nye museumsstiftinga på Sunnmøre er klar for skiping og namnet blir Museum Nordvest. Det skriv Vestlandsnytt. Stiftinga består av dei seks utbrytarane frå stiftinga Musea på Sunnmøre. Desse ville ikkje gi frå seg eigarskapen til dei lokale samlingane og valde å bryte med den konsoliderte museumsstiftinga på Sunnmøre Viti. Dei seks som er med frå starten er Aalesund museum, Dalsfjord fyrmuseum, Godøy kystmuseum, Herøy kystmuseum, Ytste Skotet og Volda bygdetun og Garverimuseet.