Hopp til innhold

Brakk beina då betongblokk velta

To tilsette i Ålesund kommune fekk beinbrot då ei betongblokk velta over dei. Hendinga skal ha skjedd i slutten av april. Det skriv Sunnmørsposten. Ifølge avisa er politiet og Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla, og sistnemnde har opna eit tilsyn med både kommunen og entreprenøren. Bjørn Skulstad, avdelingsleiar i VA-verksemda, seier at det er sjeldan kommunetilsette er ute for sånne ulykker og at dei er i gang med å undersøke ulykka.