Hopp til innhold

Rekordresultat for Hydro Sunndal

Hydro Sunndal melder om eit overskot før renter, skatt og avskrivingar på 1.167 millionar kroner i fjerde kvartal. Samla har dei eit overskot på 3,238 millionar kroner for heile 2021. Det skriv selskapet i ei pressemelding.

– Årsproduksjon på 422.823 tonn primærmetall er det høgaste produksjonsvolumet nokosinne på Hydro Sunndal. Saman med høge prisar for aluminiumsprodukt og ein framleis svak kronekurs mot dollar, er dette resultatet ein rekordnotering ved Hydro Sunndal, seier fabrikksjef Roar Ørsund.

Roar Ørsund, fabrikksjef Hydro Sunndal.
Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK