Hopp til innhold

Skuffa over flytting

Kystverket fjerna i dag gjenstandar frå fyrmuseet i Dalsfjorden i Volda. Museet vil ikkje lenger vere ein del av musea på Sunnmøre, som blir kalla VITI. Kystverket er samarbeidspartnar med VITI og fjerna difor ein del av utstillinga. Dette fell ikkje i god jord hos fyrmuseumsleiaren.

– Vi har vedtatt eit samarbeid med den nye stiftinga for musea på Sunnmøre. Men vi er skuffa over at Kystverket heller har tinga sine på lager enn å samarbeide og stille det ut ved eit etablert lokalt museum, seier Vebjørn Lillebø, styreleiar i Dalsfjord fyrmuseum.

Kystverket opplyser til NRK at dei set ting på lager mens ein ventar på at VITI finn ein ny visingsarena. Kystverket beklagar at fyrmuseet i Dalsfjorden ikkje lenger vil vere ein del av kystverkmusea.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL