Hopp til innhold

Får planlegge gondol

Kommunestyret i Sula vedtok i går kveld at Flakkgruppen skal få lage ein detaljert plan for gondol på Sulafjellet.

Føresetnaden er at utbyggarane går i dialog med dei direkte berørte grunneigarane og finn løysingar saman med desse.

Kommunestyret stemte dermed ned innstillinga frå planutvalet - som først ville ha ein områdeplan for Sulafjellet - før detaljreguleringa blei sett i gang.

Talsmann for Flakk-gruppen, Terje Devold, seier til Sunnmørsposten at han er svært fornøgd og tilfreds med vedtaket.

Slik blir den nye gondolen som er planlagt på Sulafjellet.
Foto: Pressefoto, Flakk Group