Hopp til innhold

Normal drift igjen på Molde–Vestnes

Det blir normale ruter i Molde–Vestnes-sambandet frå og med laurdag klokka 06:05.
Innfasinga til elektrisk drift har medført omkøyring via Hollingsholm på natt denne veka. Det står att ein runde med testkøyring med bilferja Tomrefjord, melder reiarlaget Boreal. Etter planen skal det vere rein elektrisk drift i sambandet frå sommaren av.

Vestnes ferjekai, Furneset
Foto: Tore Ellingseter / NRK