Hopp til innhold

Uvisst om skadd 17-åring kan bli avhøyrt

17-åringen som blei alvorleg skadd i samband med drapssaka i Molde, er framleis ikkje formelt avhøyrt. Det skriv Rbnett.no. Politiinspektør Anders Skorpen-Trøen seier dei håper å få avhøyrt han, men veit ikkje om eller når det eventelt går. – Det viktigaste er helsesituasjonen hans, seier Skropen-Trøen til avisa. Ein mann i 20-åra er sikta i saka.

Politisperring på åstedet for drapet i Molde.
Foto: Roar Strøm / NRK