Hopp til innhold

Medlemsrekord for Noregs Mållag

I romjula passerte Noregs Mållag 15 431 medlemer, og dermed har organisasjonen det høgste medlemstalet sidan 1985. – Det er kjempestas at så mange vil vere med i Mållaget, jublar leiar Synnøve Marie Sætre. Dei siste åra har det vore jamn medlemsvekst. I valkampen gjorde likevel medlemstalet eit kraftig byks. – Me fekk om lag 1 500 nye medlemer etter at FpU gjekk ut med slagordet «F*** nynorsk» i skulevalkampen, fortel Synnøve Marie Sætre. Noregs Mållag har i dag over 5000 fleire medlemer enn for 10 år sidan.

Synnøve Marie Sætre
Foto: Anders Aanes