Hopp til innhold

Minkande smitte i Giske

50 personar i Giske kommune testa positivt for koronavirus i førre veke. Det er ein nedgang frå 59 smitta i veke 48. Fleire som er bekrefta smitta er husstandsmedlemmer og andre nærkontaktar med kjent smitteveg.

Det har vore smitte ved Giske skule og Tryggheim barnehage på Godøya. Seks personar har fått påvist smitte utan kjent smitteveg. Det skriv kommunen i ei pressemelding.

Giske rådhus
Foto: Haavard Jangaard Strand