Hopp til innhold

Oppmodar til felles innsats

Volda kommune ber innbyggarane om å gjere ein innsats for å avgrense koronasmitten i lokalsamfunnet. Volda fekk meldt om sju nye smittetilfelle i dag og ventar fleire dei komande dagane. – Smittetilfella som vart meldt i går har stor spreiing i alder og tilhøyrsle. Dette stadfestar at det er villsmitte i bygda, skriv kommunen på Facebook.

Dei oppmodar difor om at dei som kjenner på symptom eller har vore nærkontakt med smitta ikkje besøker institusjonar og bemanna omsorgsbustadar. Dei ber også folk om å ha låg terskel for å teste seg, bli heime ved symptom og bestille PCR-test på teststasjonen.

– Mange som har luftvegssymptom tenker at dei berre har fått ei heilt vanleg forkjøling. Vi opplever at mange ventar for lenge før dei testar seg. Dette medføre at smitta personar kan kome til å smitte unødig, seier fungerande kommuneoverlege Bent Ingebrigtsen.

Kommunen vurderer situasjonen fortløpande om det er nødvendig med lokale tiltak.