Hopp til innhold

Ber politikarane ta grep

Mobbeombodet og elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal ber politikarane hjelpe meir til med å gi barn og unge ein trygg kvardag. I ei pressemelding skriv dei at bodskapen går til politikarar på lokalt og regionalt nivå, som eigarar av grunnskolar og vidaregåande opplæring, og til barnehageeigarar. – Vi ser at i enkelte saker får ikkje dei unge god nok oppfølging, og barn og unge får då ikkje oppfylt rettane sine, seier mobbeombod Kristin Øksenvåg og elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden. Dei vektlegg at politikarane dermed har eit overordna ansvar for at barn og unge har det bra i barnehagar og skular.