Hopp til innhold

– Ikkje alvorleg skadd

Personen som var involvert i ei ulykke i Ulsteinvik tidlegare i dag skal ikkje vere alvorleg skadd. Det fortel operasjonsleiar i politiet, Borge Amdam. Mannen blei frakta med luftambulanse til sjukehuset i Ålesund. Ulykkesgruppa til Statens vegvesen og kriminalteknikarar frå politiet skal gjere undersøkingar på staden. Føraren av bilen var ein politimann i teneste, men han skal ikkje ha vore ute på eit oppdrag då ulykka skjedde. Politiet skal etterforske saka. – Det vil bli tekniske og taktiske undersøkingar på staden, avhøyr av vitne og undersøking av bilen, seier Amdam.