Hopp til innhold

Kvinneprest-saka opp på nytt

Striden rundt prestar som ikkje vil samarbeide med kvinnelege kollegaer kjem opp på nytt under Bispemøtet neste veke. Biskopane skal no drøfta korleis dei skal følge opp avgjerda frå i fjor haust om at ingen kan nekte å samarbeide med kvinner. Generalsekretær for bispemøtet, Elise Sandnes, seier dette skjer som følgje av striden rundt vikarpresten på Sunnmøre. Fleire biskopar har uttalt til NRK at dei har prestar i sitt bispedømme som framleis nektar å samarbeide med kvinner.

Biskopene i Nidarosdomen, bilde tatt på bispemøtet i oktober 2020
Foto: Den norske kirke